- Hjem
- Bøker
- Toppturbøker
- Toppturer i Sunnfjord
Toppturer i Sunnfjord. Sunnfjord strekker seg mellom Jostedalsbreen i aust og havnære toppar i vest.
I denne boka blir du guida til 67 av dei flottaste toppane, og du kan velje mellom 137 ruter i Førde, Gaular, Naustdal og Jølster.
Sunnfjord byr på snørike turar der du får alt frå bratte brearmar til kystutsikt, perfekte kvite sider, dalar og renner frå både avrunda og spisse toppar. Blant toppane finn du dessutan nokre av Nikolai Astrup sine kjende fjellmotiv. Sunnfjord tilbyr randonee og topptur for den kresne!
Toppturar i Sunnfjord presenterer ei rikhaldig breidde av vegval til kjende klassikarar og heilt «nye» toppar og ruter, eksponerte renner og gode nybyrjar- og familieturar. Boka gir deg detaljerte opplysningar om vanskegrad, eksponeringsgrad,himmelretning, brattheit, stigning og fall for kvar topp og rute. Forfattarane har gått alle toppturane og samla detaljert informasjon for rutene, som etter GPS-sporing er teikna inn på kart og flyfoto. I eigne kapittel finn du òg kunnskap om skred og ferdsel i vinterfjellet og eit tilbakeblikk i ski- og fjellhistoria i området. Boka er dessutan rikt illustrert med turbilete.
Toppturar i Sunnfjord viser dessutan nokre kjende og lange fjellskiturar som går gjennom spektakulært vinterlandskap. Slik blir desse spanande klassikarane tilgjengelege for stadig nye generasjonar. Landskapet i Sunnfjord eignar seg godt for lange skiturar opp på høge fjell og ned i djupe dalar. Forfattarane har derfor utvikla «Sunnfjordruta», som går over tre dagar via fire ulike brear. Den tek deg med på ei reise på 87 kilometer med 6400 meter stigning og 6920 meter nedkøyring gjennom sjølve indrefileten av skiområda i Sunnfjord. I denne 2. utgåva får du også presentert Fri Flyt sin tur «Jølstravatnet rundt» - ein langtur over 4 dagar som tek deg gjennom landskapet der Nikolai Astrup henta inspirasjon til sine mest kjende fjellmotiv.
Forfatterne
Bak boka står ein gjeng lokale toppturentusiastar som kjenner fjella og forholda i Sunnfjord godt: Leif Kapstad, Sindre Hoff, Eli Skrede, Marie Havnen, Reidar Bakke, Brit Siv Fimland, Per Magne Bakke, Olav Sægrov, Anne Cecilie Kapstad og Torje Bjellaas.
Toppturer i Sunnfjord
79 toppturer i Førde, Gaular, Naustdal og Jølster
Kr 449,-